top of page

Lærerikt bedriftsbesøk for Flipp&Fjøl

  • yvonnemeland
  • 23. sep.
  • 2 min lesing

Årets elevbedrift under yrkesmessa på Vang barne- og ungdomsskule, Flipp&Fjøl, fekk som premie å reise på bedriftsbesøk hjå Vang Autoservice. Det vart ein innhaldsrik dag der elevane fekk både pizza, fagleg påfyll og nyttige innblikk i korleis ei lokal verksemd kan skape arbeidsplassar og framtidsmoglegheiter.

Flipp&Fjøl forran Vang Autoservice sitt flott bygg
Flipp&Fjøl forran Vang Autoservice sitt flott bygg

Dagleg leiar Arve Wangensteen tok imot elevane og fortalde om historia og drifta av bedrifta. På spørsmålet frå elevane o

m kva Vang Autoservice var mest stolte av, peikte Arve på det å ha mange tilsette og å klare å konkurrere, trass i at Vang er ein liten kommune i Valdres.

– Vi er stolte av å vere ei bedrift som gir arbeid til mange, og som stadig utviklar oss, sa Wangensteen.

 

Elevane fekk deretter bli med på ei omvising i lokala. Dei fekk sjå mykje av det som rører seg i kvardagen på Vang Autoservice – frå vannscooterar til store bergingsbilar. For fleire av elevane vart dette eit høve til å sjå kor variert arbeidsdag ein kan ha i ein mekanisk og teknologisk verksemd.


 

Besøket inspirerte òg til å tenkje på framtida. Ein av elevane fortalde at ho ønskjer å bli sveisar – eit fag som det er behov for i ei slik verksemd. Andre såg korleis digitalisering og teknologi gjer at datakunnskap blir stadig viktigare. På ein moderne arbeidsplass som Vang Autoservice er det rom for mange ulike kompetansar, frå mekaniske fag til IT og kundeservice.

 

ree

Mot slutten av besøket oppmoda Wangensteen elevane til å søkje deltidsjobb dersom dei kunne tenkje seg arbeid på stasjonen.

Det vart ein ekstra motivasjon for fleire av ungdommane, som såg at utdanninga dei vel framover, kan opne dører til jobbar også lokalt.

For Flipp&Fjøl vart besøket både lærerikt og inspirerande.

Elevane fekk betre forståing for korleis ei lokal bedrift fungerer, og ikkje minst kva slags moglegheiter som finst dersom ein vel å satse på yrkesfag eller teknologiske utdanningar.

 

– Det var ein nyttig dag som vi tek med oss vidare, sa elevane samstemt etter besøket.

 
 
bottom of page