top of page

Spiredag i Vang: Leik, læring og inspirasjon for skulestartarane

  • for 6 døgn siden
  • 1 min lesing

Det var stor aktivitet og mange nysgjerrige små hender i sving då dei eldste barnehagebarna i Vang fekk delta på årets Spiredag. Arrangementet er eitt av tiltaka til Futurizing Vang, som arbeider for å gi barn gode opplevingar med leik, læring og møte med moglegheiter i sitt eige lokalsamfunn.


Denne dagen var det 5- og 6-åringane som stod i sentrum. I samarbeid med fleire lokale aktørar vart det lagt til rette for ein variert og opplevingsrik dag der barna fekk prøve seg på aktivitetar knytte til ulike yrke og fagområde.


På stasjonen til Monter Kvismo fekk barna utforske verktøy og prøve enkle, praktiske oppgåver. På landbruksstasjonen laga dei kyr og sauer av konglar og marshmallows – ei oppgåve som skapte både engasjement, latter og skaparglede.


Ved helsestasjonen var det rigga til eit «bamsesjukehus», der barna fekk tre inn i rolla som små helsearbeidarar. Dei sette plaster og bandasjar, gav «vaksinar» og lytta på hjartelydar med stetoskop.


På smaksverkstaden fekk barna utforske ulike smakar og delta i aktivitetar knytte til mat og helse, i regi av Frisklivssentralen.


Midt på dagen samla alle seg til ein felles lunsj, før skulestartarane fekk utdelt diplom og ryggsekk som ei fin markering av overgangen til skulelivet.









Spiredagen gav barna meir enn berre ein kjekk dag saman. Gjennom aktivitetane fekk dei utforske, skape og lære med heile seg – og samtidig møte glimt av kva som finst av moglegheiter rundt dei. Slike erfaringar kan vere små, men viktige startpunkt for vidare nysgjerrigheit, meistring og lærelyst.

 
 
bottom of page