top of page

Tømrerlærling

Vang Bygg

Stillingstype:

Tømrerlærling

Søknadsfrist:

12. april 2026

Om stillinga

Tømrarlærling – Norgeshus Vang Bygg

Vil du byggje framtida di saman med oss?

Norgeshus Vang Bygg søkjer ein motivert og lærevillig tømrarlærling som ønskjer å utvikle seg i eit solid og profesjonelt fagmiljø. Hos oss får du lære faget i praksis, jobbe med varierte prosjekt og bli ein del av eit triveleg lag med høg fagkompetanse.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som

•            er motivert for å ta fagbrev som tømrar

•            trivst med fysisk arbeid og å jobbe ute

•            er nøyaktig, lærevillig og samarbeidsorientert

•            møter opp i tide og tek ansvar

Om Vang kommune

Om oss
Norgeshus Vang Bygg er ein lokal og veletablert entreprenør med fokus på kvalitet, tryggleik og godt handverk. Vi byggjer alt frå einebustader og hytter til større prosjekt, og vi er stolte av å vere ein del av Norgeshus-kjeda.

Vi tilbyr
• ein trygg og god læreplass i ei seriøs verksemd
• dyktige fagfolk som følgjer deg opp gjennom heile læretida
• varierte arbeidsoppgåver og prosjekt
• moglegheiter for fast jobb etter bestått fagprøve
• eit inkluderande og hyggeleg arbeidsmiljø

Arbeidsoppgåver
Som lærling vil du få opplæring i mellom anna:
• bindingsverk, tak, golv og veggar
• montering av vindauge, dører og innreiing
• isolering og kledning
• teikningar og byggdetaljar
• HMS og kvalitetssikring

Slik søkjer du
Send ei kort søknad og CV til dagleg leiar Lasse Skøre på email lasse@vangbygg.no eller lærlingsjef Sven Richard Møller på sven.richard.moller@vang.kommune.no.
Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med Lasse på tlf 909 47 790.

Søk på denne stillingen

bottom of page