top of page

Kokkelærling

Mjøsvang kafe

Stillingstype:

Kokkelærling

Søknadsfrist:

10. april 2026

Om stillinga

Mjøsvang Kafé er ein godkjent lærebedrift og ein naturleg møteplass i Vang. Her samlast både fastbuande, hyttefolk og forbipasserande for god mat og triveleg stemning. No søkjer vi ein kokkelærling som har lyst til å lære faget i eit kjøkken der tradisjon, lokalmat og stoltheit går hand i hand.

Slik søkjer du:
Send ei kort søknad og CV til dagleg leiar Kees Wagemans på post@mjosvang.no eller lærlingsjef Sven Richard Møller på sven.richard.moller@vang.kommune.no.
Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med Kees på tlf 995 67 054 eller stikke innom kaféen for ein prat.

Bli ein del av Mjøsvang Kafé
Vi gler oss til å ta imot ein lærling som vil vere med og skape gode matopplevingar for folk i Vang – kvar einaste dag.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein lærling som:

•            Er motivert, nysgjerrig og glad i å lage mat frå botnen av

•            Trivst i eit miljø der alle hjelper kvarandre og tempoet kan variere

•            Er påliteleg, positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

•            Har lyst til å vere ein del av lokalsamfunnet og utvikle seg fagleg

•            Tar ansvar og viser initiativ

Om Vang kommune

Om læreplassen
Som kokkelærling hos oss får du:
• Opplæring i tråd med læreplanen for kokkfaget
• Erfaring med heimelaga mat, tradisjonsrettar og populære kaféklassikarar
• Arbeid med lokale råvarer frå Valdres når sesongen tillet det
• Varierte dagar med både produksjon, servering og kundekontakt
• Tett oppfølging av fagleg leiar og eit lite, samkøyrt team
• Moglegheit for fast jobb etter fagprøva Vi tilbyr
• Lønn etter gjeldande regelverk
• Bosted nært arbeidsplassen
• Eit trygt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
• Varierte arbeidsoppgåver i ein kafé med mykje lokal trafikk
• Moglegheit til å lære både tradisjonsmat og moderne kafédrift
• God fagleg støtte gjennom heile læretida

Søk på denne stillingen

bottom of page