top of page

Yrkesmesse 2025 på Vang barne- og ungdomsskule

  • joanketito
  • 18. sep.
  • 1 min lesing

ree

Fredag 6. juni vart Yrkesmessa 2025 arrangert på Vang barne- og ungdomsskule. Heile 21 bedrifter stilte opp for å møte elevar og fortelje om moglegheiter innan ulike yrke og bransjar. 

Elevar frå både Vang læringssenter og 9. klasse deltok på arrangementet og fekk høve til å snakke med representantar frå dei ulike bedriftene. 

Ein del av messa var retta mot elevbedrifter. 

Fire elevbedrifter konkurrerte om prisar i kvar sin kategori, og til slutt vart det kåra ei “Årets bedrift”. I år gjekk den prisen til Flipp og Fjøl, som produserer skjerefjøler og steikespader i tre. 

Vi vil rette ein stor takk til alle bedriftene som bidrog til å gjere Yrkesmessa 2025 til ein spennande og lærerik dag. 

 
 
bottom of page