

tor. 15. okt.
|Tyinvegen 5035
Trond Viggo og Mari i Vang med "Resten av livet"
Velkomen til samtaleforedrag med Trond Viggo Torgersen og Mari Garås Monsson.
Tid og sted
15. okt. 2026, 19:00 – 22:00
Tyinvegen 5035, Tyinvegen 5035, 2975 Vang i Valdres, Norge
Om
Kva betyr eigentleg «Resten av livet» - og korleis kan me fylle den tida med meining, livsglede og beviste val? Arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn i Vang kommune vil løfte fram dette temaet i kampanjen 55 +, og kick-startar kampanjen med ein inspirerande og tankevekkjande kveld med Trond Viggo Torgersen og Mari Garås Monsson!
Saman vil dei ha eit samtaleforedrag om livet, kroppens aldring og overgangen til pensjonistlivet, med humor, livserfaring og klokskap. I samtala løfter dei fram tema me kanskje ikkje er så flinke til å prate om, og heller dyttar framfor oss. Alt frå forvandlingar, val, venskap, familie, bustad, økonomi, avslutningar og nye moglegheiter. Ei fase i livet som kan vere både befriande og forvirrande!
Kvar: Vangshallen
Inngang: kr 150,- (betaling i døra).
For mer informasjon og påmelding se Vang Foreningsportal